Tusen takk til alle som deltok og bidro til at det ble et godt seminar med mange spennende samtaler. 

Husk å svare på evalueringen!

Vi har fått innledernes tillatelse til å dele noen av presentasjonene med dere: 


Målgrupper: 

  • Politikarar, einingsleiarar i kommunen og andre byråkratar
  • SLT-koordinatorar, 
  • Skuleleiarar, helsesjukepleiarar, sosiallærarar, lærerar osb. på grunnskule og VGS
  • Foreldrerepresentantar, til dømes FAU
  • Utekontaktar, natteramnar, helsestasjonar for ungdom
  • Organisasjonar, studentar, andre interesserte
  • Pris: Gratis! (Dersom du ikkje møter opp og ikkje har meldt
    fråfall innan kl. 09.00 same dag, vil du bli fakturert
    ei no-show-avgift på kr. 250)
  • Bevertning: Lett bevertning

Vi har lignende arrangementer andre steder i landet. Gå til hovedsiden for fagseminarer.

Program

Opning 

Sølvi Dimmen, ordførar i Volda

Korleis førebyggja at barn og unge får problem med alkohol – favorittrusmiddelet vårt og største rusproblem? 

Svend Arne Hokstad, politisk rådgjevar i IOGT i Noreg

Alkohol er rusmiddelet som er mest nytta i Noreg, og ei kjelde til enorme samfunnskostnader. Me har mykje forsking på verknader og kva for førebygging som har effekt. Ny forsking syner òg at pandemien har leidd til endringar i drekkemønster. Kva gjer at forebygging blant barn og unge er avgjerande for å halde rusbruken låg i samfunnet? Kva rolle speler rusfrie tilbod?

Rustrender blant ungdom og nokre viktige prinsipp for førebygging 

Katrin Øien, rådgjevar KORUS Midt

Ungdata er blant kjeldene me har til informasjon om rusbruken blant ungdom, og kva for retning trendane tar. Kor mange ungdomar bruker ulike rusmiddel? Aukar eller minsker bruken? Og kva kan vi gjere for å førebyggje tidlig rusdebut og konsekvensar av tidlig rusbruk? Katrin Øien har ein master i sosial- og samfunnspsykologi, og har jobba som rådgjevar ved Kompetansesenter rus – Midt-Noreg (KORUS Midt) i over ti år, med ungdom og Ungdata som fokusområde. I tillegg har ho kurs i grunnleggjande førebygging frå Det europeiske monitoreringssenteret for rus og avhengigheit.

Endra arbeidspraksis hos politiet — kva fører dette til?

Ingar Bøen, politimeister i Møre og Romsdal

Korleis jobbe tverrfagleg og tverretatleg med narkotika. Korleis jobbar førebyggjande seksjon i Politiet mot ungdommen og mot foreldre?

Korleis få til ærlege samtalar med ungdom? 

Kirsten Resaland, psykolog og forfattar

Det betyr mykje å kome tidleg inn når barn og unge utviklar vanskar. Korleis kan me vaksne gjera det lettare for ungdomar å vere ærlege med oss om korleis dei har det? Kirsten Resaland er psykologen bak ungdomsboka ”Helt ærlig – om hvordan vi henger sammen”. Neste år kjem ho med vaksenboka ”Snakk til meg!”, om kva som gjev tryggleik i samtalar med ungdom.

Kor viktige er foreldra i det førebyggjande arbeidet?

Arne Klyve – samfunnsvitar, forfattar og tidlegare undervisningssjef ved Bergensklinikkane

Samspelet mellom foreldre og barn er av avgjerande betydning for utviklinga til barnet. Me veit at foreldra har stor påverknadskraft overfor barna, dette stadfestar barna sjølv i ungdataun-dersøkingane. Korleis kan me leggja til rette for at foreldre på best mogleg måte er aktive og medvitne i det rusfø-rebyggjande arbeidet?

Sterk&Klar – førebyggingsprogrammet som byggjer nettverk mellom foreldra 

Sigrun Stenersen Espe, prosjektleiar i Sterk&Klar

Rusmiddelbruk er eit komplekst tema, mange faktorar speler inn. Men i unges liv er det foreldra som er dei viktigaste førebyggjarane. Korleis kan me spele foreldra gode? Førebyggingsprogrammet Sterk&Klar rettar seg mot ungdomsskule-foreldre. I tillegg til oppdatert kunnskap, står deling av tankar og erfaringar, situ-asjonsforberedande trening og å byggje nettverk sentralt. Og positiv forsterking: Dei fleste elevane på ungdomsskulen brukar faktisk ikkje rusmiddel! Minori-tetsforeldre kan ha særskilte utfordringar. Korleis styrker me alle foreldre? 

--------------