Tusen takk til alle som deltok og bidro til at det ble et godt seminar med mange spennende samtaler. 

Husk å svare på evalueringen!

Vi har fått innledernes tillatelse til å dele noen av presentasjonene med dere: 


  • Målgrupper: 
    • Politikarar, einingsleiarar i kommunen og andre byråkratar
    • SLT-koordinatorar, 
    • Skuleleiarar, helsesjukepleiarar, sosiallærarar, lærerar osb. på grunnskule og VGS
    • Foreldrerepresentantar, til dømes FAU
    • Utekontaktar, natteramnar, helsestasjonar for ungdom
    • Organisasjonar, studentar, andre interesserte
  • Pris: Gratis! (Dersom du ikkje møter opp og ikkje har meldt
    fråfall innan kl. 09.00 same dag, vil du bli fakturert
    ei no-show-avgift på kr. 250)
  • Bevertning: Lett bevertning

Vi har lignende arrangementer andre steder i landet. Gå til hovedsiden for fagseminarer.

Program

Opning 

Jenny Følling, ordførar i Førde

Korleis førebyggja at barn og unge får problem med alkohol – favorittrusmiddelet vårt og største rusproblem?

Svend Arne Hokstad, politisk rådgjevar i IOGT i Noreg

Alkohol er rusmiddelet som er mest nytta i Noreg, og ei kjelde til enorme samfunnskostnader. Me har mykje forsking på verknader og kva for førebygging som har effekt. Ny forsking syner òg at pandemien har leidd til endringar i drekkemønster. Kva gjer at forebygging blant barn og unge er avgjerande for å halde rusbruken låg i samfunnet? Kva rolle speler rusfrie tilbod?

Førebygging i Sunnfjord kommune – SLT-modellen

Lillian Vassbotten, SLT-koordinator i Sunnfjord kommune, utekontakt Tove Nedrebø og politikontakt Odd Helge Vågseth

Rusførebygging i kommunen skjer på mange vis og som eit samarbeid mellom fleire aktørar og tenester. Innleierane vil fortelje korleis samarbeidet i SLT-strukturen bidreg til førebygging på fleire nivå i kommunen, og dei vil visa døme frå samarbeidet.

Endra arbeidspraksis hos politiet — kva fører dette til?

Lokalt politi

Korleis jobbe tverrfagleg og tverretatleg med narkotika. Korleis jobbar førebyggjande seksjon i Førde mot ungdom og mot foreldre?

Korleis kan læraren vera ein resurs i det rusførebyggjande arbeidet?

Odd Bjarne Vigre-Sandvold – lektor i vidaregåande skule

Lærarar kan både førebyggja, identifisera og retta tiltak mot rusmisbruk. Men er dei rusta for dette? Odd Bjarne Vigre-Sandvold si masteroppgåve om elevars rusmiddelmisbruk i vidaregåande skule undersøkjer lærarars opplevingar og erfaringar og vurderingar.

Kor viktige er foreldra i det førebyggjande arbeidet?

Arne Klyve – samfunnsvitar, forfattar og tidlegare undervisningssjef ved Bergensklinikkane

Samspelet mellom foreldre og barn er av avgjerande betydning for utviklinga til barnet. Me veit at foreldra har stor påverknadskraft overfor barna, dette stadfestar barna sjølv i ungdataundersø-kingane. Korleis kan me leggja til rette for at foreldre på best mogleg måte er aktive og medvitne i det rusførebyggjande arbeidet?

Sterk&Klar – førebyggingsprogrammet som byggjer nettverk mellom foreldra 

Jevi Majid, prosjektmedarbeidar i Sterk&Klar 

Rusmiddelbruk er eit komplekst tema, mange faktorar speler inn. Men i unges liv er det foreldra som er dei viktigaste førebyggjarane. Korleis kan me spele foreldra gode? Førebyggingsprogrammet Sterk&Klar rettar seg mot ungdomssku-leforeldre. I tillegg til oppdatert kunn-skap, står deling av tankar og erfaringar, situasjonsforberedande trening og å byggje nettverk sentralt. Og positiv forsterking: Dei fleste elevane på ungdomsskulen brukar faktisk ikkje rusmid-del! Minoritetsforeldre kan ha særskilte utfordringar. Korleis styrker me alle foreldre? 

Førebyggingspolitikk i Sunnfjord kommune 

Sara-Marie Horsevik (Ap), leiar av utvalet for helse og omsorg 

Dei siste åra har det vore mykje fokus på rusreform, avkriminalisering og beskytting av rusmiddelavhengige. Har det leia til mindre merksemd kring primærførebygging retta mot heile befolkningsgruppa? Kva er situasjonen, og kva tenkjer kommunen om kva slags førebyggjande tiltak som trengst i komande periode?

--------------