sep
8.klasse, Nærbø Ungdomsskule
Tal frå den nasjonale undersøkinga Ungdata viser at det er stadig fleire ungdomar som rapporterer om psykiske helseplager. Ein av fem gruer seg til å gå på skulen, og ein av ti seier at dei ikkje har ein fortruleg ven. Samstundes bruker ungdom meir tid på sosiale medier enn tidlegare. Korleis kan foreldre påverke den psykiske helsa til borna sine, og kva for ein effekt kan bruken av sosiale medier ha på born og unges psyke?
Alle føresette bør få med seg foredraget i Sterk&Klar. Det er viktig at du møter sjølv om du kanskje har vore med på dette treffet tidlegare med born som er eldre. Dette er eit godt høve til å bli kjende med dei andre føresette og snakke om å settje grenser, og om klasse- og oppvekstmiljø.