apr
10.klasse, Bremnes Ungdomsskule
Ungdatatal viser at det skjer eit hopp i alkoholbruken blant ungdom når dei startar på vidaregåande, og sjølv om cannabisbruken blant norsk ungdom er veldig låg, skjer det òg eit hopp i bruken av dette. Dei aller fleste er myndige når russetida går i gang, men korleis kan ein som forelder likevel bidra til at ungdomane får ei tryggare russefeiring? Kva er viktig å vite om cannabis og debatten knytt til avkriminalisering, og korleis denne kan påverke ungdomens syn på stoffet?
Dette er nokre av spørsmåla vi vil svare på det siste Sterk&Klar-foreldretreffet for dette kullet. Vi vil setje av tid til å prate og drøfte en case saman med dei andre i foreldregruppa.