Foreldretreff Fusa ungdomsskule 8. trinn
Foreldretreff om rusførebygging, alkohol, cannabis
Tidleg alkoholdebut er ofte knytt til større risiko for skadar, vald og sjukdom. Heldigvis stig den gjennomsnittlege debutalder knytt til alkohol jamt og trutt og fleire ungdomar vel å ikkje begynne i det heile tatt. Samstundes er terskelen for å prøve cannabis, lågare enn før. Korleis er du som forelder med på å påverke denne utviklinga?
Korleis kan du førebygge i din familie, men også som ein del av ein foreldregruppe? Dette er noko av det vi vil svare på på dette foreldretreffet.
Like viktig som innhaldet i føredraget denne kvelden, er det at vi legg til rette for at foreldregruppa får tid til å prate saman. I løpet av kvelden skal dei bli samde om fem førebyggande tiltak dei vil ha fokus på dei tre neste åra. Det har ein god førebyggande effekt at foreldre set grensar i fellesskap og samtidig er gode rollemodellar saman.