Tidleg alkoholdebut er ofte knytt til større risiko for skadar, vald og sjukdom. Heldigvis stig den gjennomsnittlege debutalderen knytt til alkohol jamt og trutt og fleire ungdomar vel å ikkje byrje i det heile. Samstundes er terskelen for å prøve cannabis, lågare enn før. Korleis er du som forelder med på å påverke denne utviklinga? Korleis kan du førebygge i din familie, men også som ein del av ein foreldregruppe? Dette er noko av det vi vil svare på på dette foreldretreffet.
Like viktig som innhaldet i føredraget denne kvelden, er det at vi legg til rette for at foreldregruppa får tid til å prate saman. I løpet av kvelden skal de bli samde om fem førebyggande tiltak de vil ha fokus på dei tre neste åra. Det har ein god førebyggande effekt at foreldre set grensar i fellesskap og samtidig er gode rollemodellar saman.
Christoffer Larsen er ein erfaren foredragshaldar som har jobba med ungdom store delar av livet, mellom anna gjennom 20 år på ungdoms- og konfirmasjonsfeltet i Human-Etisk Forbund. Han har eigne barn som no nærmar seg ungdomstida, og er denne våren fungerande prosjektleiar i Sterk&Klar.