Sterk&Klar-treff på Seljord ungdomsskule, 8.trinn, 1.treff

18.00-20.00 9. mars 2022

Foreldretreff med Christoffer Larsen om foreldrerolla og foreldranes betyding

Meld deg på her

Foreldre har stor innverknad på barna sine. Ein går føre som rollemodell, og da er det viktig å vere obs på kva ein formidlar gjennom handlingar og haldningar. Ungdom treng tydelege grenser og grenselaust med kjærleik. Dette er nokre av det vi skal snakke om på dette foreldretreffet. 

Christoffer Larsen er ein erfaren foredragshaldar som har jobba med ungdom store delar av livet, mellom anna gjennom 20 år på ungdoms- og konfirmasjonsfeltet i Human-Etisk Forbund. Han har eigne barn som no nærmar seg ungdomstida, og er denne våren fungerande prosjektleiar i Sterk&Klar.

Alle føresette bør få med seg foredraget i Sterk&Klar. Det er viktig at du møter sjølv om du kanskje har vore med på dette treffet tidlegare med barn som er eldre. Dette er eit godt høve til å bli kjende med dei andre føresette og snakke om å settje grenser, og om klasse- og oppvekstmiljø.

Meld deg på her