Sterk&Klar-treff på Ogna skule, 8.trinn, 2. treff

18.00-19.30 4. april 2022

Foreldretreff om rusførebygging, alkohol og cannabis med Håvard Høyland

Meld deg på her

Tidleg alkoholdebut er ofte knytt til større risiko for skadar, vald og sjukdom. Heldigvis stig den gjennomsnittlege debutalder knytt til alkohol jamt og trutt og fleire ungdomar vel å ikkje begynne i det heile tatt. Samstundes er terskelen for å prøve cannabis, lågare enn før. Korleis er du som forelder med på å påverke denne utviklinga? Korleis kan du førebygge i din familie, men også som ein del av ein foreldregruppe? Dette er noko av det vi vil svare på på dette foreldretreffet.

Like viktig som innhaldet i føredraget denne kvelden, er det at vi legg til rette for at foreldregruppa får tid til å prate saman. I løpet av kvelden skal de bli samde om fem førebyggande tiltak de vil ha fokus på dei tre neste åra. Det har ein god førebyggande effekt at foreldre set grensar i fellesskap og samtidig er gode rollemodellar saman.

Håvard Høyland er en røynd polititenestemann som lenge har spesialisert seg på det kriminalitetsforebyggande arbeidet retta mot barn og unge. Han har ein variert bakgrunn frå ulike roller knytt til dette arbeidet både i politiet og kommunen. I dag innehar han rollen som politispesialist innan barne- og ungdomskriminalitet og har mellom anna et hovudansvar for å koordinere Sør-Vest politidistrikt sin samla innsats. Han formidlar bodskapet i programmet med engasjement, humør og med mange gode og gjenkjennelege eksempel frå sitt eige kvardagsliv.

Meld deg på her