Sterk&Klar-treff på Moster skule, 10.trinn

18.00-20.00 4. mai 2022

Foreldretreff om foreldrerolla i overgangen fra ungdomsskule til vidaregåande skule, cannabis og russetid med Arne Klyve

Meld deg på her

Ungdatatall viser at det skjer eit hopp i alkoholbruken blant ungdom når de begynner på vidaregåande, og sjølv om cannabisbruken blant norsk ungdom er veldig låg skjer det likevel også eit hopp i bruken av dette. Dei aller fleste er myndige når russetida går i gang, men korleis kan ein som forelder likevel bidra til at ungdomane får ein tryggare russefeiring? Kva er viktig å vite om cannabis og debatten knytt til avkriminalisering og korleis denne kan påverke ungdomens syn på stoffet?

Dette er nokon av spørsmåla vi vil svare på på det siste Sterk&Klar-foreldretreffet for dette kullet. Vi vil setje av tid til å prate og drøfte en case saman med dei andre i foreldregruppa.

Arne Klyve er samfunnsvitar, forfattar og seniorrådgjevar på rusfeltet. Han har skrevet ei rekke bøker, til dømes «Sinte, unge, villfarne menn» (2016), samt Bufetats hefte «Foreldrerollen i rusførebyggande arbeid. Ærlegdom, humor og uthald». På rusfeltet har han særleg vært opptatt av unges oppvekst, foreldrerolla og i de seinare år også besteforeldrerollen. Han held ofte foredrag for fagfolk, studentar og andre målgrupper.

Meld deg på her