Sterk&Klar-treff på Garnes ungdomsskule, 8. trinn

18.00-20.00 25. april 2022

Foreldretreff om rusførebygging, alkohol, cannabis med Arne Klyve

Meld deg på her

Tidleg alkoholdebut er ofte knytt til større risiko for skadar, vald og sjukdom. Heldigvis stig den gjennomsnittlege debutalder knytt til alkohol jamt og trutt og fleire ungdomar vel å ikkje begynne i det heile tatt. Samstundes er terskelen for å prøve cannabis, lågare enn før. Korleis er du som forelder med på å påverke denne utviklinga? Korleis kan du førebygge i din familie, men også som ein del av ein foreldregruppe? Dette er noko av det vi vil svare på på dette foreldretreffet.

Like viktig som innhaldet i føredraget denne kvelden, er det at vi legg til rette for at foreldregruppa får tid til å prate saman. I løpet av kvelden skal dei bli samde om fem førebyggande tiltak dei vil ha fokus på dei tre neste åra. Det har ein god førebyggande effekt at foreldre set grensar i fellesskap og samtidig er gode rollemodellar saman.

Arne Klyve er samfunnsvitar, forfattar og seniorrådgjevar på rusfeltet. Han har skrevet ei rekke bøker, til dømes «Sinte, unge, villfarne menn» (2016), samt Bufetats hefte «Foreldrerollen i rusforebyggende arbeid. Ærlighet, humor og utholdenhet». På rusfeltet har han særleg vore oppteken av unges oppvekst, foreldrerolla og i dei seinare åra òg besteforeldrerolla. Han held ofte foredrag for fagfolk, studentar og andre målgrupper.

Meld deg på her