Sterk&Klar-treff på Bremnes ungdomsskule, 9. trinn, vår 2022

18.00-20.00 15. mars 2022

Foreldretreff med Arne Klyve om psykisk helse og sosiale medier.

Meld deg på her

Ungdatatala viser at det er stadig fleire ungdomar som rapporterer om psykiske helseplager. Ein av fem gruer seg til å gå på skulen, og ein av ti seier at dei ikkje har ein fortroleg ven. Samstundes bruker ungdom meir tid på sosiale medier enn tidlegare. Korleis kan foreldre påverke den psykiske helsa til borna sine, og kva for ein effekt kan bruken av sosiale medier ha på born og unges psyke?

Arne Klyve er samfunnsvitar og arbeider som seniorrådgivar i rusfeltet i Bergensklinikkene og ved kompetansesenter for læringsmiljø (BKL). Han har redigert og skrive fleire bøker om utfordrande unge, mellom anna boka ”Sinte unge menn – i kunnskapssamfunnet” som kom i 2009.

Alle føresette bør få med seg foredraget i Sterk&Klar.

Det er viktig at du møter sjølv om du kanskje har vore med på dette treffet tidlegare med born som er eldre. Dette er eit godt høve til å bli kjende med dei andre føresette og snakke om å settje grenser og klasse- og oppvekstmiljø.

Meld deg på her