Sterk&Klar-treff på Bremnes ungdomsskule, 8. trinn, 1. treff

18.00-20.00 22. februar 2022

Foreldretreff med Arne Klyve om foreldrerolla og foreldras betyding

Meld deg på her

Foreldra har stor innverknad på borna sine. Ein går føre som rollemodell, og då er det viktig å vere obs på kva ein formidler gjennom handlingar og haldningar. Ungdom treng tydelege grenser og grenselaust med kjærleik. Dette er noko av det vi skal snakke om på dette foreldretreffet. 

Arne Klyve er samfunnsvitar, forfattar og seniorrådgjevar på rusfeltet. Han har skrive ei rekke bøker, til dømes «Sinte, unge, villfarne menn» (2016), samt Bufetats hefte «Foreldrerollen i rusforebyggende arbeid. Ærlighet, humor og utholdenhet». På rusfeltet har han særleg vore oppteken av unges oppvekst, foreldrerolla og i dei seinare åra òg besteforeldrerolla. Han held ofte foredrag for fagfolk, studentar og andre målgrupper.

Alle føresette bør få med seg foredraget i Sterk&Klar.

Det er viktig at du møter sjølv om du kanskje har vore med på dette treffet tidlegare med born som er eldre. Dette er eit godt høve til å bli kjend med dei andre føresette og snakke om å setje grenser og klasse- og oppvekstmiljø.

Meld deg på her