Foreldretreff om rusmiddel, russetid og overgangen til vidaregåande skule

Ungdatatal viser at det skjer ei auking i alkoholbruken blant ungdom når dei byrjar på vidaregåande, og sjølv om cannabisbruken blant norsk ungdom er veldig låg skjer det likevel og eit hopp i bruk av dette. Korleis kan ein som forelder halde fram med å følgje opp ungdommen på vidaregåande skule? Dei aller fleste er myndige når russetida går i gang, men korleis kan foreldre likevel bidra til at ungdomane får ein tryggare russefeiring?

Dette er nokon av spørsmåla vi vil svare på på det siste Sterk&Klar-foreldretreffet for dette kullet. Vi vil setje av tid til å prate og drøfte en case saman med dei andre i foreldregruppa.