Foreldretreff om rusmidler, ungdomskriminalitet og førebyggande arbeid

Det skjer mykje når det gjeld bruk av rusmiddel i overgangen til vidaregåande skule. Korleis kan vi som foreldre framleis vere påkopla, samstundes som ungdommen vår skal bli meir sjølvstendig? Kva skjer i ungdomsmiljøa i kommunen, og korleis kan vaksne bidra best mogeleg til ei trygg ungdomstid?

Målet med dette foredraget er at du skal få:

  • Vite litt om trender i ungdomsmiljøet
  • Kjenne til korleis Ung førebygging jobbar og kva dei kan hjelpe til med
  • Vite kva ungdatatala seier om rusmiddelbruk på vidaregåande skule
  • Reflektere over korleis foreldre kan følgje opp ungdomen sin på vgs
  • Drøfte korleis foreldre kan bidra til ei trygg og god avgangsmarkering

Politikontakten og Ung førebygging i kommunen vil fortelje om trender i ungdomsmiljøet, utviklinga i ungdomskriminalitet og korleis Ung førebygging jobbar. Deretter held Siri Østvold frå Sterk&Klar føredrag om rusmiddelbruk på vidaregåande skule og korleis foreldre kan førebygge at ungdommen får utfordringar med rus.