Foreldretreff Frøyland skule 7. trinn
Foreldretreff om sosialt samspel
Mot slutten av barneskulen dukkar det ofte opp nye problemstillingar knytt til barns sjølvforståing og sosiale samspel med kvarandre. Korleis kan du som forelder forstå barnet ditt i denne perioden? Kva kan vaksne gjere når det oppstår sosiale utfordringar i ei gruppe, som til dømes konfliktar, krangling eller utestenging? Korleis kan foreldregruppa saman bidra til å skape eit inkluderande miljø?
Målet med dette foredraget er:
- At du skal sitje igjen med konkrete verktøy for å få til god kommunikasjon med barnet ditt.
- At de som foreldregruppe skal reflektere over korleis de kan samarbeide med kvarandre for å skape eit inkluderande miljø.
Alle føresette bør få med seg dette føredraget i Sterk&Klar. I etterkant av føredraget blir det lagt opp til at foreldregruppa kan snakke om tematikken i grupper. Dette er ein god moglegheit til å bli kjend med dei andre foreldra og prate om foreldrerolla, klasse- og oppvekstmiljø, og overgangen til ungdomsskulen.
Mari Prytz Malmanger er utdanna sosionom og har jobba med ungdomar på ulike arenaer sidan 2012. Mari jobbar til dagleg i Ungdomsteamet i Sandnes der ho driv med oppsøkjande arbeid, individuelle samtalar med ungdom og foreldrerådgjeving. Ho har mange nyttige erfaringar å dele med dei som er nærast ungdomen og er opptekne av at ungdomar skal ha ein best mogeleg ungdomstid.