Foreldretreff for Bryne og Hognestad skular 7. trinn
Foreldretreff om sosialt samspel
Mot slutten av barneskulen meldar det seg ofte nye problemstillingar i forhold til barns sjølvforståing og sosiale samspel med kvarandre. Korleis kan du som forelder forstå barnet ditt i denne perioden? Kva slags dilemma står ein ofte oppe i som forelder? Kva kan vaksne gjere når det er sosialt vanskeleg i ei gruppe, til dømes med konfliktar, krangling eller utestenging? Og korleis kan ein som forelder gjere barnet sosialt robust og klar for ungdomsskulen? Dette er nokre av spørsmåla Kirsten vil svare på i dette foredraget.
Alle føresette bør få med seg dette foredraget i Sterk&Klar. I etterkant av foredraget legges det opp til at foreldra kan snakke om tematikken i grupper. Det er eit godt høve til å bli kjent med dei andre foreldra og prate om foreldrerolla, klasse- og oppvekstmiljø, og overgangen til ungdomsskulen.