nov
9.klasse, Bryne ungdomsskule
Å ha ei god psykisk helse er viktig for å beskytte mot rusproblem. Korleis kan vi foreldre vere gode samtalepartnarar for ungdommane våre og støtte dei i livets opp- og nedturar?
Målet med dette føredraget er:
• At du skal kjenne til kva Ungdataundersøkinga seier oss om ungdoms livskvalitet i ditt lokalsamfunn
• At du skal få nokre konkrete råd og tips til korleis ein kan snakke med ungdom om psykisk helse
• At de skal få reflektere saman over kva som formar og påverkar ungdomstida anno 2024
Alle føresette bør få med seg dette føredraget i Sterk&Klar. Dette er ein god anledning til å bli kjend med dei andre foreldra og prate om grensesetjing, klasse- og oppvekstmiljø. Tydelege vaksne gjev tryggare ungdom.