Foreldretreff om foreldrerolla

Du har no fått ein tenåring i huset, og det melder seg nye og spanande utfordringar i forhold til foreldrerolla.

Målet med dette foredraget er:

• At du skal forstå tenåringen endå litt betre

• At vi saman skal reflektere over grensesetjing og relasjonsbygging med ungdommen

• At du skal bli kjend med andre foreldre og reflektere over korleis de kan samarbeide for å skape eit trygt lokalsamfunn

Dette er det første foreldretreffet i Sterk&Klar-programmet for ungdomstrinnet. I våre foredrag får de forskingsforankra kunnskap om foreldrerolla og førebygging av rusproblematikk, og de får høve til å snakke om tematikken med dei andre foreldra. Det er ein beskyttande faktor at foreldra kjenner kvarandre, og har eit medvite forhold til foreldrerolla, grensesetjing og relasjonsbygging. Tydlege vaksne gir tryggare ungdom.