Foreldretreff om sosialt samspel


Mot slutten av barneskulen dukkar det ofte opp nye problemstillingar knytt til barns sjølvforståing og sosiale samspel med kvarandre. Korleis kan du som forelder forstå barnet ditt i denne perioden? Kva kan vaksne gjere når det oppstår sosiale utfordringar i ei gruppe, som til dømes konfliktar, krangling eller utestenging? Korleis kan foreldregruppa saman bidra til å skape eit inkluderande miljø?

Målet med dette foredraget er:

  • At du skal sitje igjen med konkrete verktøy for å få til god kommunikasjon med barnet ditt om kva som skjer sosialt.
  • At de som foreldregruppe skal reflektere over korleis de kan oppretthalde eit godt foreldresamarbeid på slutten av barneskule og i overgangen til ungdomsskulen.

Alle føresette bør få med seg dette føredraget av Sterk&Klar. I etterkant av føredraget blir det lagt opp til at foreldregruppa kan snakke om tematikken i grupper. Dette er ein god moglegheit til å bli kjend med dei andre foreldra og prate om foreldrerolla, klasse- og oppvekstmiljø.